Odds verden

Monday, November 12, 2007

Kvifor vente med sex til ekteskapet?

Ser at eg har ikkje blogga si 22 april, såg og at eg har fått litt klage for å ikkje ha blogga, så her komme ein ny blogg. Eg kan ikkje ta ærå frå alt det som står her, men eg suns det er ganske oppklarande å lesa det. Derfor kanskje andre og vil lesa det=) Viss nogen ennå sjekke ud bloggen min då. Hehe, vett nogen som blir glae nå vertfall;p

Kvifor vente med sex til ekteskapet?


Bibelsk bakgrunn
I Bibelen står det ikkje direkte; ”du skal ikkje ha sex før ekteskapet”. Dette gjev grunnlag til forvirring hos mange, og ofte kan det ende opp med eigne tolkingar, kor ein grunnlegg at sex før ekteskapet er greitt.

Gud er ein Gud som ynskjer fellesskåp mellom oss menneske og med Ham. Gud skapte oss som mann og kvinne, og Gud gav oss ein gåve, sex, og i 1.mosebok vers 28 står det; ”det skal veksa, aukast og fylla jorda….”. Med andre ord; voks, ha sex og fyll jorda. Ettersom slangen kom inn i biletet og gjorde ting litt kjipe, måtte Gud ta visse forholdsreglar slik at sexen skulle nytast slik som er meint best for oss. Difor fekk me lovar og reglar som; ”du skal ikkje drive hor”. Hor er definert som seksuell omgang utanfor ekteskapet. Sjølve ordet kjem frå ”porneia” som er gresk og tyder seksuelle forhold før og utanfor ekteskapet. I nyare tid har definisjonen vorte meir omgjort og er i dagens samfunn sett på som det å selje kroppen sin eller som seksuell umoral. Men på den tid Bibelen vart skreve var det den greske definisjonen som vart brukt, og det vert difor naturleg å tilegne hor som seksuell omgang utanfor ekteskåpet i bibelsk samanheng.

I 1.korintarane kapittel 7 fortel Paulus:
”…det er godt for ein mann at han ikkje rører ei kvinne. Men for at de ikkje skal driva hor, skal kvar mann ha si kone og kvar kvinne sin mann” (vers 1-2). Vidare i vers 9 står det: ”Men kan dei ikkje vera fråhaldande, så får dei gifta seg. For det er betre å gifta seg enn å brenna av lyst.”. Blar ein eit par bøker vidare til hebrearane står det i kap 13, vers 4: ”Ekteskapet skal haldast i ære av alle, og samlivet må ikkje skitnast til. For Gud vil døma dei som driv hor eller bryt ekteskapet.”


Fartsskilt, kittdeigar og hormonet oksytosin? Kva i all verda?
Sex er den mest intime delen av ein sjølv ein kan gje vekk. Derfor, for å bevara menneskjers hjarte og kjensler sa Gud at sex er noko som skal skje innanfor ekteskapet, dette fordi i ekteskapet har ein trygge rammar rundt forholdet.

I Bibelen står det mange andre bod, og alt i alt kan det samanliknast med fartsskilt som me har på vegen. Fartsskilta er ikkje meint som strenge reglar for å hindre køyregleda, dei er der for vår egen og andres del. Hensikta er berre å sørgje for at du sjølv eller andre ikkje vert skada. Slik er det og med det som står i Bibelen. Gud er så utruleg glad i oss, han vil oss ingenting vondt, og difor gav han oss desse boda. Ofte kan det freiste å ta ting i eigne hender og prøve ut boda, og det heile endar opp med at ein må be om tilgjeving og få ein ny start. Men slik er det berre med oss menneske, me er svake.

Tenk deg at du har fire kittdeigar (leire) – raud, blå, grøn og kvit. Så tar du den kvite kittdeigen og den raude deigen inntil kvarandre. No er dei to forskjellige deigane blitt ein deig. Men så ein dag vert bandet mellom dei to kittdeigane brote og dei vert dregne frå kvarandre. Sjølv om den kvite deigen er lausriven frå den raude, så har den kvite framleis raude små kittdeigar festa til seg, samtidig som den har mista noko av seg sjølv. Og så ein dag møtar den kvite kittdeigen den blå kittdeigen. Dei kjem saman til ein klump, og etter ei stund går dei frå kvarandre. No har den kvite deigen fått noko av den blå og har mista noko av seg sjølv, og framleis er det flekkar etter den raude. Etter kvart møtar den kvite deigen den grøne deigen. Dei kjem saman, men skillast igjen, og slik fortsetter det. Den kvite deigen endar opp med ein liten del av alle og mindre og mindre av seg sjølv.

Slik er det med oss. Ved å ha sex med ein person, får du ein del av den personen, og gir vekk ein del av deg sjølv. Men fungerar ikkje forholdet, så vert det du har gitt vekk og det du har fått, vonde minner og sår. Og så treff du ein annan, gir vekk meir av deg sjølv og får meir av denne personen, mens du framleis har vonde minner og sår frå førre forhold. Slik kan det fortsetta, og du endar opp med meir av andre og mindre av deg sjølv. Men fortvil ikkje, Gud kan fikse alt. Han har fjerna vonde minner og sår for oss før, ”for ved hans sår har me fått legedom”.

Dette er også vitskapeleg bevist – utruleg nok. Hormonet oksytosin er eit hormon som vert produsert frå ein liten kjertel i hovudet. Oksytosin er også kalla velvære hormonet. For meir informasjon er det berre å søke på internett om oksytosin. Kvinner har ofte høgare verdiar av oksytosin enn menn. Særskild når ei kvinne får eit barn får ho høge verdiar av oksytosin, dette gjeld for barnet og. Det som då skjer er at det skjer ein klikk i hjernen hjå dei to slik at dei vert tettare knytte saman.
Det som er litt kult her, er at under samleie, særskild under orgasme, får begge partane høgare verdiar av hormonet oksytosin. Dette gjer at begge to vert sterkare knytte saman, utanfor vår kontroll, på ein hormonmåte. Dette er bra, men viss du gjer det med andre ukjente er det fare for stort rot. Ein vert knytte saman, men berre mentalt, og ein kan verte noko som uoffisielt kan kallast ”pulevennar”.

Ein liten avstikkar her er at dette gjeld og for pornografi, la oss kalle pornografi for PAM - ein person som alltid er våt og villig. Når ein får orgasme ved å sjå på pornografi, vert ein knytte til pornografien. Dette kan gjere at ein vert skuffa eller ikkje vert seksuelt tiltrekt av personen ein er i saman med, for ein forventar seg PAM eller tenkjer på PAM. Som du forstår er jo ikkje dette heilt gunstig, og det er dette som gjer pornografi så avhengighetsskapande.


Kva med sex med kjærasten din som du skal gifte deg med uansett?
Gud sa at sexen skulle vere innføre ekteskapet, dette kan ikkje ha våre utan grunn. Det er mykje mindre forpliktingar ved å ha sex før ein giftar seg, det fins heile tida ein utveg som er lett å nå. Men om ein giftar seg først, er ein nøydt til å ta eit bestemt val på at – ”ja, det er denne personen eg vil dele resten av livet mitt med og ingen annan”. Gud veit at me vert freista, og når ein er særs glad i ein person kan det verte særs vanskeleg å halde seg til ein giftar seg. Difor har me fått tilgiving. Og sjølv om ein går feil, så er det berre til å reise seg på nytt og fortsette mot same målet. For Gud er ingen synder verre enn nokre andre. Hor (gresk versjon) er like galt som å tenke stygt om ein annan eller å stele frå ein butikk.

I kristne samanhengar har det å ha sex før ekteskapet kanskje fått litt vel mykje og feil fokus opp gjennom tidene. Dette har ført til at fleire kan kjenne seg utstøytt, men sanninga er at dei er like høgt elska av Gud som andre. Det står at ein skal hate synda, men elske syndaren. I plassen for å støyte ut folk burde me hjelpe folk og formane kvarandre i bønn, påkalling og takk.





Til slutt
Gud kjenner oss betre enn nokon andre, han kjenner oss betre enn me kjenner oss sjølv. Han gav oss sex som ei veilsigning og som noko som skal nytas, og Han gav oss grenser for vårt eige beste. Så alt i alt handlar det om å vere lydig mot Gud og å forstå at hans tankar og forstand er større enn våre og at han veit kva som er best for oss.

”Kjærleiken er langmodig, kjærleiken er velviljug, han misunner ikkje, briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp. Kjærleiken gjer ikkje noko usømeleg, han søkjer ikkje sitt eige, harmast ikkje, gøymer ikkje på det vonde. Han glede ser ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han. Kjærleiken fell aldri bort”
1.Korintar 13,4-8.

18 Comments:

At 12:55 PM, Blogger 3ne said...

Nå fatte æg keffor du ikkje he bloggd si april. Du he brukt tiå på å skriva denne bloggen!! Bra jobba ;)

 
At 2:14 AM, Blogger solfrid said...

kult at du skrive om d temae! blir ofte ganske tabu i kristne samenhenga. KONGE!! diggediggediggedigge d:)

 
At 2:17 AM, Blogger ai said...

så bra skrevet, veldig bra at du tar det opp, å at du skrive om mange forskjellige side av det:) muy bien, men det går bra me meg, koss går det me deg då? hørre rykte om at du kanskje ska t astralia itte sommeren!??

 
At 9:20 AM, Blogger Linda said...

Dette va bra Odd! Enige me Solfrid :)

HÆ? Ska du te Australia??

 
At 1:35 PM, Blogger Lisa Marí said...

Heisann Odd :D
Utruligt bra skreve! ;>

 
At 3:01 PM, Blogger Ann Kristin said...

AAAAAmen!!!

 
At 9:00 AM, Anonymous Anonymous said...

Odd æ gifteklar:P

Ingjerd

 
At 11:51 AM, Anonymous Anonymous said...

takk takk trine:)lisa mari og annkristin.... australia? anniren, eg veit ingenting. eg får sjå ke som skjer te hausten. noge skjer det vertfall, og eg vett ikkje kor eg ska, det har nogen andre ansvaret for;) sama te deg linda!

ingjerd; dæ værte bank!!!

helsing odd!=)

 
At 5:38 AM, Blogger Arielle=) said...

Fint at du he skrevet nytt innlegg! :D Nå blei eg vertfall gla!
Veldig bra skrevet Odd! :)
Som de andre he nevnt så e d bra at du tar opp dette temaet. Good work!

 
At 4:16 AM, Anonymous Anonymous said...

men hallo, eg kan ikkje ta ærå for å ha skreve dette altså, det va ein grundige undersøkelse som blei gjort, så slo eg det saman:)

MVH ODD!!

men arielle, går det bra med fokus og krik?

 
At 4:55 AM, Blogger Linda said...

Odd, kan du ikkje skriva litt om livet i stavanger? Kanskje bilder av leiligheten? :)

 
At 1:56 PM, Blogger Linda said...

Ey, kor blei det av det nye innlegget?

 
At 2:12 AM, Blogger Birte said...

Hei hei Odd... der va vis innlegget... fekk d ikkje opp hjemma på dataen..tror d va litt for sterke ord.. neida..veldig bra skreve.. føle me har hatt ein liten diskusjon på dette før..haha
Men føle og dette innlegge va ein go unskyldning til ikkje å lese på eksamen... eller k seie du?? Kossen ligge d ann me mikroen?? sitte nå her på skolen å stresse litt me den eg!
snax

 
At 2:33 AM, Anonymous Anonymous said...

Detta syns jeg er trist å lese... rett og slett... For oss som ikke trur på gud (merk at jeg ikke skriver med stor G), så handler sex før og etter ekteskapet om menneskelige behov og biologi... lyst og begjær, heter det, ikke at det å ha sex før ekteskapet er "feil". Man gir noe til noen man bryr seg om ELLER tilfredsstiller behov man har (og dette må da være opp til hver enkelt, og ikke hva noen ord i en tjukk bok sier). Jeg har full respekt for hva du og mange andre trur på, men forstå at andre (mange andre) ikke vil vente med sex til man har ring på fingeren. Litt kjedelig for dem som aldri gifter seg da... ikke sant? Vi lever i 2008, velkommen skal du være!

 
At 2:43 AM, Blogger Inga Rut Serigstad said...

wow, kult at du liksom skrive om de. Har hatt evigt md diskusjona om d rundt forbi =p

veldig bra skreve/sammensatt! du fekk noge fram ihvertfall=p

 
At 2:36 PM, Anonymous Arielle said...

Hei Odd :) Såg she at du spurte meg om noge før nå :p Me krik går d fint! Mn kjekt om du tar turan bort av å te ;p Å me fokus så vett eg she.. e she der borte så masse for tiå..

 
At 10:02 AM, Anonymous Anonymous said...

Meget bra odd! Eg lige kittdeig eksempelet..

Yes sir, me leve i 2008 og Gud er fortsatt større ;)

- Solveig

 
At 2:31 AM, Anonymous Anonymous said...

Himmel og hav så full jeg blir av sorg når jeg tenker på alle de utelukkende forferdelige minnene jeg har fra mine tidligere forhold (der fryktelig sår, fæl, og ekkel sex var en del av det vi delte sammen). Ingen positive ting kom ut av dette. Sukk, hadde jeg bare funnet gud tidligere så hadde jo livet mitt vært mye rikere. Pokker, altså...

 

Post a Comment

<< Home