Odds verden

Thursday, October 20, 2005

For en dag!

Akk ja eg tykkjer at livet er kjipt,
lekser, formlar og all slags slikt!
No sit eg og skriv ei kjemioppgåve,
og det gjer at eg får kjempevondt i håve!!

Eg vil ikkje meir, slepp meg ut!
Eg har det som i båsen til ein stut!
Eg keiar meg nå,kva skal eg gjera?
Eg kan vel ikkje noko anna enn å streva..

Men no sit eg å ler, eg gjer vel balla.
Alt anna i verda her er jo så jalla.
Så kvifor kan ikkje eg berre drite i?
Få meg ei dame og ha to på si?

Men nei, hadde det berre våre så lett-
Når mor mi det høyrer ho skvett rett og slett!
For mor mi ho er skikkeligt redd for meg,
ho passar på for kvart eit trinn og steg!

Nei nå må eg gå, må gjere lekser,
viss ikkje får mi mor komplekser!
Ha ha eg ler igjen å igjen,
kanskje me snart kan treffast min gode venn!

Wednesday, October 19, 2005

velkomen!

himmel og hav? kven er du?
besøkjer min blogg, er du ei fru?
i såfall vil eg deg gjerne ha,
eg er verken kresen eller sta!

for nett no skjer det, det vert gjort,
min poesi vert skreven fort!
for store og små, alle kan sjå,
og sjølvsagt du som kjem og besøkjer meg nå!

så ta mi oppfordring, svar med eit dikt,
for verda har ikkje for mykje av slikt!
saman me to har det gjildt i lag,
og diktar berre etter behov og smag!

MVH

Odd Vinsevik (her sit eg og nyt livet på kaien, og tenkjar poesi)